Avviklar treningssenter

Ørsta Gym har drive tilbod om styrketrening i lokala til tidlegare Øyehaug Souvenir.  Foto: Roy-Arne Folkestad

Nyheiter

Drifta av Ørsta Gym i Ørsta sentrum vert avvikla.

- Ørsta Gym fekk for nokre månader sidan varsel om at leigeavtalen ikkje vert vidareført utan vesentllege endringar av dagens leigeavtale. Etter ein begynnande dialog mellom partane har vidare kommunikasjon stoppa opp, og dessverre fører dette til at drifta til Ørsta Gym må avviklast.

Dette skriv Ørsta Gym på Facebook-sida si.

- Vi er svært lei oss for at dette skjer, men vi er utan makt til å forhindre dette utfallet. Såleis har siste månaders drift av Ørsta Gym vore veldig tunge å motivere seg til, men vi vil halde fram med tilnærma lik normal drift til 15. april (vi må vere ute av lokala 30. april), skriv Ørsta Gym vidare.

Selskapet har vore eigd av Marit Aamaas og Sveinung Rekkedal. Selskapet vart starta i januar 2011 og har halde til i Øyehaug-bygget i Holmegata.

Møre-Nytt har kontakta begge eigarane for ein kommentar, utan å lykkast.

Konseptet til gymmen har vore styrketrening.
 

– Dette er ein rein gym, og det er ikkje noko treningssenter. På eit vanleg treningssenter har ein saltimar, men det har ikkje vi. Vi konsentrerer oss om styrketrening, men ein kan også trene kondisjon med sirkeltrening som mange sikkert hugsar frå gymtimane på skulen, sa Sveinung Rekkedal og Marit Aamaas til Møre-Nytt då senteret opna for sju år sidan.