Vil straummålarmytene til livs

– Heilt ufarlege

– Vi får mange spørsmål om dei nye målarane. Det som er sikkert er at dei ikkje sender ut farleg stråling.

Testar: På kontoret sitt på Tussatun har Per Bjørkedal i Mørenett eit titals straummålarar oppkopla for testing.  Foto: Janne-Marit Myklebust

Nyheiter

Per Bjørkedal er fagansvarleg for måling i Mørenett. På kontoret sitt på Tussatun har han til ei kvar tid minst ti straummålarar oppmontert. Kvar gong leverandøren sender ut eit nytt parti straummålarar, hamnar minst ein av dei på veggen til Bjørkedal for uttesting.

– Dei nye målarane gjer ting enklare for alle. Både for straumselskapa og for kundane, meiner Bjørkedal.

Nokre av tilbakemeldingane dei har fått handlar om uro for dyrare straumrekning, og uro for farleg stråling frå målarane.

– Målarane les av straumen kvar time, men kundane får ikkje timeverdiar heilt enno. Først må vi få alle målarane på plass. Men på sikt er tanken at kundane i større grad kan styre straumforbruket sitt ved å kunne til dømes lade elbilane sine på meir rimelege timar av døgnet, eller sette på vaskemaskina på tidspunkt der straumen er rimelegare. Det er jo ein gong slik at det er dyrare med straum dei timane flest brukar det, om morgonen og om ettermiddagen, dersom folk har spotprisavtale.

For dess fleire som skrur på kokeplata heime, dess høgare straumpris, fordi det må produserast meir.

– Dette vil også gi ei meir rettferdig prising. Du betalar for det du brukar. Men den viktigaste reiskapen du har for å styre straumen, det er desse, seier Bjørkedal, og viser fram begge peikefingrane sine.

– Med desse kan du skru av og på ulike apparat i heimen din. All styring av forbruket er positivt uansett.

Bjørkedal seier at nokre kanskje vil få dyrare straumrekning no, om dei ikkje har vore flinke til å lese av straumen tidlegare, og har fått estimert straumforbruket sitt.

– Dei nye målarane er svært nøyaktige, seier han.

Når det gjeld stråling har ikkje folk noko å uroe seg for, fortel Bjørkedal. Dei nye straummålarane les av straumen kvar time, og sender beskjed til ein sentral i Molde kvar sjette time. Totalt i løpet av eit døgn sender målarane signal i om lag fire sekund. Alt vert lest av maskinelt.

Han viser fram eit elektrosmogmeter, som måler stråling i rommet. Ved straummålarane er det nesten ikkje utslag.

– Då er det verre med den her, seier han, og held fram mobilen. Så om noko, er det i alle fall ikkje straummålarane folk skal vere uroa for.