Opplagsnedgang for Møre-Nytt

Trur botnen er nådd

Møre-Nytt fekk opplagsnedgang i 2017, men redaktør Svein Aam meiner botnen er nådd.

Optimist: Dagleg leiar og redaktør i Møre-Nytt AS, Svein Aam fortel at han er optimist på vegner av Møre-Nytt, og at opplagstala har stabilisert seg. – Det er også gjort grep som bør gi grunnlag for ein liten vekst i løpet av året, seier han.  Foto: Janne-Marit Myklebust

Opplag 2017
  • Møre-Nytt 4560 (-294)
  • Møre 3162 (-45)
  • Vestlandsnytt 4360 (-63)
  • VikebladetVestposten 3660 (-108)
  • Fjordabladet 2470 (+34)
  • Fjordingen 3743 (+13)
  • Sunnmørsposten 24.419 (+ 282)
Nyheiter

105 norske mediehus hadde opplagsframgang i 2017, viser tal frå Mediebedriftenes Landsforening (MBL)

– 2017 vart eit historisk år. Opplaget for aviser har vore fallande sidan 1997, men no etter 19 år med nedgang har 46 prosent av titlane vekst i opplaget. seier Randi S. Øgrey adm.dir. i MBL.

Men for Møre-Nytt sin del vart det registrert ein opplagsnedgang på 294. Det betyr at Møre-Nytt har eit opplag på 4.560.

– I 2016 fekk Møre-Nytt ein uventa oppgang i opplaget, noko som skilde seg ut frå trenden i bransjen. I 2017 får Møre-Nytt ein uventa stor nedgang, noko som også skil seg ut frå trenden. Vi meiner forklaringa er at det var feil i utrekninga av opplagstala for 2016, og at dette er justert no. Dermed er ein reell opplagsnedgang i 2016 inkludert i opplagstala for 2017, seier Svein Aam, redaktør og dagleg leiar i Møre-Nytt AS.

Samstundes trur han at botnen vart nådd i 2017.

–Opplagstala har stabilisert seg. Det er også gjort grep som bør gi grunnlag for ein liten vekst i løpet av året, så vi er optimistar.

Stabile lesartal

Ferske lesartal viser stabil oppslutnad om Møre-Nytt på papir og nett, trass nedgangen i opplag.

– Det må vi vere nøgde med. Vårt mål er å halde oppe den sterke posisjonen papiravisa Møre-Nytt har, og å styrke posisjonen til vår nettavis morenytt.no. Våre eigne tal viser at vi har hatt god vekst for nettutgåva det siste halvåret, seier Aam.

Møre-Nytt er framleis den største av lokalavisene i Møre og Romsdal. Leiaren meiner Møre-Nytt står sterkt, trass dei turbulente tidene i bransjen

– Møre-Nytt hadde eit økonomisk godt resultat i 2017, og vi ventar ingen dramatiske endringar i år, seier dagleig leiar og redaktør Svein Aam.