Rekordfå fødslar

  Foto: Tarjei Engeset Ofstad

Nyheiter

Det vart fødd 56.600 barn i Noreg i 2017. Dette gav eit samla fødselstal på 1,62 barn per kvinne – det lågaste som er målt i Noreg nokon gong.


Beste på 26 år

Over 500 fødslar i Volda

509 born vart fødde ved fødeavdelinga ved Volda sjukehus i 2017. Det er det høgaste talet på 26 år.

 

Fødselstalet i fjor er 2.300 lågare enn året før, melder Statistisk sentralbyrå.

Det samla talet (SFT) har gått ned kvart år sidan 2009. Nedgangen frå 1,71 i 2016 til 1,62 i 2017 er betydeleg større enn åra før.

– Det er ikkje vanleg med så store endringar i SFT frå eitt år til det neste, men nedgangen var også spesielt stor på 1970-talet. For eksempel gjekk talet ned frå 2,13 til 1,98 frå 1974 til 1975, seier rådgjevar Espen Anderssen i SSB.

Blant dei 56.600 barna som vart fødde i fjor hadde 20 prosent, 11.200 barn, foreldre som begge var fødde i utlandet.

Dei siste åra er det fødd rundt 60.000 barn årleg her i landet.