Kommunestyret støttar Helfo

Per Are Sørheim (H) bad kommunestyret støtte planane om å styrke Helfo i Ørsta.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Ørsta kommunestyre seier seg glad for at Helfo i Ørsta er eitt av kontora det skal satsast vidare på.

Det var i kommunestyret førre veke at Per Are Sørheim (H) tok opp lokaliseringa av Helfo-kontor gjennom ein interpellasjon. Sørheim varsla uro fordi opposisjonspartia på Stortinget arbeider for ein annan kontorstruktur enn det regjeringa har foreslått.

Ordførar Stein Aam forsikra Sørheim om at Ørsta er glad for Helfo-satsinga.

– Eg er svært glad for at Helfo si avdeling i Ørsta er foreslått som eit av sju kontor som skal utviklast og styrkast. I Ørsta har vi eit veldrive kontor og god tilgang på kompetent arbeidskraft. Statistikken elles viser at vi har stort underskot på statlege arbeidsplassar, i Ørsta og i fylket elles. Skal statlege arbeidsplassar ut av Oslo verte meir enn berre prat, så må det handling til, sa ordføraren.