Audun Ellingsen med på ny plate

Audun Ellingsen er med i bandet 1816 som gjev ut si fyrste plate komande fredag.

Debutplate: Audun Ellingsen og 1816 kjem med si fyrste plate.  Foto: Pressefoto

Nyheiter

Albumlanseringa blir markert med sleppkonsert på Nasjonal Jazzscene–Victoria i Oslo den 8 mars.

1816 er eit samarbeid mellom vokalist Wenche Losnegård og bassist Audun Ellingsen, som begge har brei erfaring frå norsk jazz og improvisasjonsmusikk.

Med prosjektet 1816 vev dei to låtskrivarane saman eit fengslande univers innan akustisk kammerpop.

På plata spelar også̊ cellist Gregor Riddell (Radiohead) og trommeslagar Erik Nylander (Ola Kvernberg) og spennande gjestemusikarar som bl.a. saksofonunikumet Rolf-Erik Nystrøm. Dette er musikarar som spelar med bl.a. Susanne Sundfør (Wenche) og Radiohead + Bjørk (Gregor).

– Frå historiebøkene er 1816 kjend som året utan sommar, og 1816 er eit band som utforskar mørket i oss alle, med eit kontrastfylt, vidtspennande lydbilete. Ved å variere instrumenteringa frå det nakne og akustiske til større produksjonar, målar ein fram store dynamiske spenn. Tunge grooves og mørke klangar balanserer dei lettare melodiane og skapar eit univers som er både fengslande og interessant. Musikken er hovudsakeleg inspirert av jazz, kammermusikk, folk og pop. 1816 har blitt omtala som lyden av Bjørk og Keith Jarrett som komponerer for Rickie Lee Jones og eit lite kammerorkester, heiter det i eit presseskriv frå plateselskapet.

Albumet opnar med 1816 sin debutsingel «The Message», ei nytolking av Inger Hagerups dikt «Til Fremtiden» som vart godt mottatt med radiospeling. Bandet sitt tekstunivers har eit dunkelt preg med nakne skildringar av einsemd i våre moderne liv, inspirert av den romantiske diktaren Lord Byron, med islett av kvardagspoetiske nikk til Dolly Parton, heiter det i presseskrivet.

Musikken er produsert av 1816, spelt inn i Propeller og Sagene Kulturverksted av Ole Richard Korsan Stuwe og Audun Ellingsen, miksa av Ingar Hunskaar og mastra av Fridjot A. Lindeman i Strype Audio. Cover ved Ole Marius Fossen (foto) og Annelin Hals Müntzer- Høyvik (design).

1816: Wenche Losnegård (vokal), Audun Ellingsen (bass + piano, gitar, perk og vokal), Gregor Riddell (cello) og Erik Nylander (trommer)