Stranda kommune søkjer partner

Volda/Hornindal er aktuelle.

Stranda-ordførar Jan Ove Tryggestad har fått med seg formanskapet i kommunen på å vurdere kommunesamanslåing på nytt.  Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

Stranda kommune tek opp att prosessen med kommunesamanslåing.

No vil dei gå i drøftingar med andre kommunar om ei eventuell samanslåing frå 2020. Det har formannskapet samrøystes vedteke, etter framlegg frå Frank Sve (Frp).

Stranda set no ned eit utval med ein representant frå alle parti i kommunestyret.

Mandatet deira er å gjennomføre sonderingar med andre aktuelle kommunar, slik som Sykkylven, Ålesund, Volda/Hornindal og nye Fjord kommune.

Utvalet skal lage analysar knytt til både økonomi og tenestetilbod ved ulike samanslåingsalternativ.

Det vert lagt opp til at utvalet skal leggje fram resultatet av sitt arbeid for kommunestyret innan 1. oktober i år.

Denne saka vart fyrst publisert på smp.no