Det viste debatten i samband om grensejusteringa for Bjørke/Viddal i kommunestyret torsdag.

Det var lita usemje i sjølve synet på at Bjørke og Viddal framleis må høyre til Ørsta. Innbyggjargranskinga, der 57 prosent i krinsane Bjørke og Viddal sa ja til framleis å vere Ørsta, er tungtvegande for Ørsta kommune sitt syn.

Det er Fylkesmannen i Møre og Romsdal som har bedt om ei fråsegn frå Ørsta kommune i saka, før han skal ta stilling til saka, og gje ei tilråding overfor kommunal- og regionalministeren.

Kommunesamanslåing

Men sjølv om saka handla om grensejustering, var der dei som også tenkte kommunesamanslåing.

– I går fekk eg kjeft ved middagsbordet. Fordi ”skal vi ikkje ha ressursar i skulen?”. Og her er ein gjeng barnehageforeldre på møtet i dag fordi vi ikkje har nok ressursar i barnehagen. Dette skjer fordi vi har gjort ei vurdering, og takka nei til å vere med på kommunesamanslåing, og dermed meir i rammeoverføringar. Vi har takka nei til effektivisering av driftsorganisasjonen, sa Per Are Sørheim (H).

Og han la til: – Bjørke er x-faktoren. Der er også økonomiske realitetar. Der er eit stort kraftverk som har stor verdi, heldt Sørheim fram.

Han meinte at eit vedtak om grensejustering må ha med at ei grensejustering vil ha negative konsekvensar for drifta av Ørsta kommune.

Han sette difor fram eit forslag om ei justering av tilrådinga: «Kommunestyret meiner at vilkåra for ei grensejustering ikkje er til stades, og vurderer kommunesamanslåing saman med andre som viktigare framfor ei grensejustering.

– Eg vil heller ha eit samla Ørsta i ein større kommune enn berre at Bjørke skal gå over med dei økonomiske og kulturelle verknadene det har. Dette trur eg er ei god presisering, sa Sørheim.

Omkamp

Jostein Mo (Ap) meinte dette framlegget ikkje var godt.

– Å blande inn omkamp om kommunesamanslåing vert ei heilt anna sak. No handlar det om ei grensejustering, sa Mo.

Marit Aklestad (AV) meinte det var andre vegar å betre økonomien på enn å slå Ørsta saman med andre kommunar.

– Vi kan auke eigedomsskatten, eller skifte regjering. Men no skal vi halde oss til dagens situasjon. Eg vil rå frå Høgre si endring. Det vil gje delte signal. Vi må vere klare på kva som er vårt standpunkt andsynes ei grensejustering, sa Aklestad.

Frida Gillberg: (MDG) nytta høvet til å gje initiativtakarane til grensejusteringa ros.

– Eg skjønar at når dei får utført sine tenester i ein annan kommune, då ynskjer dei også å ha demokratisk medverknad der. Likevel, eg vil lytte til resultatet av innbyggjargranskinga, sa Gillberg.

Rådmann Wenche Solheim kom med eit endringsforslag til si eiga tilråding. Der vart det poengtert at regjeringa ber om robuste kommunar.

– Ei grensejustering gjer Ørsta kommune mindre både i areal og folketal vil gjere Ørsta mindre robust, sa rådmannen.

Den endringa medførte elles at tilrådinga ikkje vart vedteken samrøystes. Jostein Mo røysta i mot.

Forslaget frå Per Are Sørheim fekk ni røyster, Høgre og to frå Frp (Inge Kolås og Anbjørn Steinholm Frislid).