Må flytte vevstova frå tunet

Brudavolltunet kan misse vevstova, men får ansvaret for samlingsforvaltning.

Brudavolltunet: Museet får ansvaret for samlingsforvaltning.  Foto: Ørsta Bygdemuseumslag

Nyheiter

– Vevstova ved Brudavolltunet er eit prosjekt vi har hatt dei siste åra, og som skal avsluttast i 2018, fortel regionkonservator ved Sunnmøre Museum, Line Iversen.

Vevstova har tilbode veving og vevkurs til private dei siste åra.

– Plan for avvikling og sluttdato er under arbeid og er ikkje fast bestemt enno. Vevstova har hatt tilhaldsstad i verkstaden for handtering, reingjering og frysing av gjenstandar, og verkstaden må no igjen nyttast til dette arbeidet, no som Brudavolltunet får eit særleg ansvar for samlingsforvaltning. Å ta vare på samlinga på Brudavolltunet er ei særs viktig oppgåve som vi må ta på alvor, seier Iversen.