Det var måndag ettermiddag at ulykka skjedde. Ein personbil og ein varebil kolliderte. Ein eldre mann er stadfesta omkomen av politiet. Politiet melder at to bilar var  involverte i ei trafikkulykke ved Eiksundbrua. Ulykka skal ha skjedd på Eiksund-sida av brua. Alle naudetatar er på veg. Vikbeladet-Vestposten melder at det er lange køar på begge sider av ulykkesstaden.

Det har i ettermiddag også vore ei alvorleg trafikkulykke ved ferjekaia på Sulesund. Ein person er stadfesta omkomen, melder smp.no.

Det er lange køar ved ulykkesstaden ved Eiksundbrua, og det er venta at det vil ta tid før det er normal trafikkavvikling igjen.

Kl. 19.48 melde vegvesen no at Eiksundsambandet framleis var stengt. Eit vitne på staden fortel til Møre-Nytt at politiet har meldt frå til dei at det går "timesvis" før vegen opnar.

VikebladetVestposten skriv at Eiksundsambandet vert heilt stengt til rundt klokka 21. Ein ventar no på at det skal kome redningsbil for å rydde vegen.

Ferjesambandet Hareid - Sulesund er stengt i samband med ulykka ved Sulesund. Det er sett opp ferje mellom Hareid og Solavågen, og folk som skal frå Ørsta/Volda mot øyane, vert oppmoda om å ta vegen via Solavågen. Der er det i kveld meldt om fullt kaos, melder smp.no.

Kl. 22..08 melde folk i køa på Ørsta-sida at det byrja å gverte rørsle i køa, og to minutt seinare melde Statens vegvesen at Eiksundsambandet er opna for trafikk.