I 2017 gjekk Volda kommune og NEE inn ein avtale om å gjennomføre 220 energisparetiltak på kommunale bygg. Mykje av arbeidet er gjort, men no er det usemje mellom partane og det fører til uvisse om prosjektet blir ferdigstilt. Under formannskapsmøtet i Volda tysdag orienterte råd Rune Sjurgard politikarane om situasjonen.

– NEE vann tilbodskonkurransen. Firmaet er stifta i 1992 og er eigd av ein del kraftselskap. I tillegg står fleire større kommunar som eigarar i dei kraftselskapa som t.d. Fredrikstad og Drammen. I fjor varsla NEE at dei byrja å kome i økonomiske problem. Dei hadde kapitalnedsetting på nesten elleve millionar kroner som dei brukte til å betale ein del forpliktingar. Det viser seg at dei framleis slit økonomisk og at dei har likviditetsproblem. Det er fleire kommunar som selskapet har kontrakt med som dei no er i ein form for tvist med, sa Sjurgard.

NEE meiner at Volda kommune ikkje har oppfylt sine betalingsvilkår og at det set selskapet i ein utfordrande likviditetssituasjon.

– Sidan selskapet har likviditetsmessige problem merka vi at dei pressa oss ganske mykje på faktura som ikkje er betalt. Dette gjeld to fakturaer. Den eine er 1,8 millionar kroner. Vi har ikkje betalt denne fakturaen då vi meiner at vi ikkje har fått det som skal leverast.

Dette omhandlar eit prosjekteringsarbeid utarbeid av underleverandør.

– Det vi har fått er etter vår meining ikkje heilt i tråd med kravet i kontrakten. NEE hevdar at det er levert. Med uvissa som er no har vi ikkje lyst til å betale noko som vi ikkje er forplikta til å betale, og plutseleg kan selskapet vere konkurs.

Den andre fakturaen er på 1,2 millionar kroner og er ikkje forfalle endå. Totalt er syttito prosent av EPC-prosjektet fullført. NEE har ikkje gitt noko signal som tilseier at dei nærmar seg ein konkurs. Om det skulle skje vil Volda kommune måtte ferdigstille prosjektet på eiga hand.

– Det som står att av arbeid er automatikk på varmestyring, mindre arbeid på rør og elektro. Kommunestyresalen er straks ferdigstilt og røyrleggjar held på med den siste monteringa. Beslaget på taket av samfunnshuset vert ferdigstilt så fort det er godt nok vêr, sa prosjektleiar Tor Vegar Søvik.

Energieffektivisering: EPC-prosjektet til Volda kommune handlar om energieffektivisering i kommunale bygg. Norsk Enøk og Energi AS, som fekk tilbodet, har no likviditetsproblem og vil ha kommunen til å betale fakturarer på til samen tre millionar kroner. Foto: Joachim Åsebø