Strålande laurdag

Det er strålande forhold i fjellet laurdag

På Ørsta Skisenter er også trekket i Nottande i drift, med nypreparerte løyper. 

Frank Velle ved Ørsta Skisenter baud på gratis voksing av ski laurdag  Foto: Svein Aam

Nyheiter

På Ørsta Skisenter var heile anlegget ope laurdag, inkludert trekket i Nottane.

– Denne helga må du leggje turen ut på ski. Vi har ope heile anlegget. Stolheisa, Nottane, barnetrekket og t-trekket er i drift. Det er gode vermeldingar, traseane og løypene er nypreparerte, skriv Ørsta skisenter på sine nettsider.

Då Møre-Nytt var på Bondalseidet i 12-tida var det god plass i bakkane.

– Folk kjem seinare på dag enn dei gjorde før. Vi trur det vert ei ny fin skihelg, seier Frank Velle ved Ørsta skisenter.

Han baud på gratis voksing av ski laurdag.