Musikklina i Volda med ny musikal

Lagar a-ha-musikal

Det er norsk musikk i verdsklasse som vert presentert når musikklina ved Volda vidaregåande skule set opp ein ny musikal. No er det musikk av a-ha som er sett saman til ein musikal.

21 elevar frå Ørsta er med på årets musikal “Cry Wolf”. Foto: Pia Rogne Notøy, Volda vidaregåande skule.  Foto: Foto: Pia Rogne Notøy, Volda vidaregåande skule.

“The Cream of Soul” gjekk for fulle hus i februar 2017. No er det A-ha sin musikk som skal runge i kulturhuset i Ørsta. Foto: Thea Berge Baastad, Volda vidaregåande skule.  Foto: Foto: Thea Berge Baastad, Volda vidaregåande skule.

Regissøren: Vibeke Preus Bech presenterte i september den nye musikalen for elevane på Volda vidaregåande. Ho regisserer sin fyrste Volda vgs-musikal med “Cry Wolf”. Foto: Åge André Breivik, Volda vidaregåande skule.  Foto: Foto: Åge André Breivik, Volda vidaregåande skule.

Nyheiter

Korleis skal ein kome på nye idear til den tjueandre musikalen i rekkja? Undrar musikklina.

I februar kan du oppleve norsk musikk i verdsklasse på Ørsta kulturhus, når “Cry Wolf” tek scena.

Me skal til det søreuropeiske landet Monte Rosa der Meyer-familien har styrt i ei årrekkje. Når me kjem inn i historia går rikskanslaren av. Kva førte fram til ei slik politisk krise? Kva har eigentleg skjedd i Monte Rosa som gjer at sjølvaste rikskanslaren abdiserer? Det kan du berre få med deg om du vitjar musikalen 2018, heiter det i ei pressemelding frå Volda vidaregåande skule.

13. februar går teppet opp for Musikalen 2018. Ideen til historia kjem frå Gunnar Sigve Aurdal ved musikklina på Volda vidaregåande skule. Hans historie er vidareutvikla av Vibeke Preus Bech, som regisserer sin fyrste Volda vgs-musikal.

Preus Bech arbeider til dagleg ved Høgskulen i Volda, der ho underviser ved seksjon for drama og teater. Ho har laga teater av filmar som “Four rooms” og “Festen”, og vann i 2012 Norsk Kulturråds manuspris for skodespelet “Rom rives”. I 2015 var ho ei av vinnarane i konkurransen “24 plays in 24 days”.

Musikalen “Cry Wolf” er den tjueandre musikalen i rekkja for Volda vidaregåande skule. Frå starten i 1996 har det gått slag i slag, og dette skuleåret er ikkje eit unntak. Frå nyttår har om lag 100 elevar frå Musikk, dans og drama og Medium og kommunikasjon jobbe for å få alt klart til sceneteppet går opp på Ørsta kulturhus.

Premieren på Musikalen 2018 kan du få med deg på Ørsta kulturhus tysdag 13. februar klokka 18.00. Deretter følgjer to framsyningar onsdag og to torsdag, før Volda vidaregåande rundar av med ei siste framsyning fredag 16. februar.

Følg med på musikalen.no og kjøp dine billettar for å få med deg ei aha-oppleving du ikkje kjem til å gløyme.