Volkswagen til VG:

- Karosseriet fungerte slik det skulle

Det var ingen feil med VW-passaten som vart kløyvd i to i samband med ein kollisjon i Barstadvik i november.

  Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

Det får VG stadfesta frå VW-importør Harald A. Møller.

Ulukka skjedde ved Barstadvik den 13. november. Den nokså nye, siste modell VW Passat, kom i god fart, miste veggrepet, kom i rotasjon og trefte den møtande, noko eldre Passaten på tvers.

Bilistar som kom til fann den bakre delen av Passaten ute i terrenget, medan forparten stod på vegen. Her krabba ein forslått førar ut. Han hadde ikkje hatt passasjerar i baksetet.

Teknisk vurdering

No ligg den tekniske vurderinga frå VW-importør Harald A. Møller-konsernet føre.

Dei peiker på at hastigheitene ser ut til å ha vore forholdsvis høge, og at ulykka skjedde fordi den eine bilen kom i rotasjon. Han vart treft omtrent midt på venstre bakdør, mellom B-stolpen og C-stolpen.

Teknikarane til importøren meiner at måten bilen er bygd på, nettopp skal fungere slik det skjedde her.

Importøren skriv: – Karosseriets primære sikkerheitsforsterkning ved sideskade verkar å ha fungert etter hensikta. Bilen har delt seg mellom to forsterkningar mot sidekollisjon, og det er ein kombinasjon av rein avriving av stål og nokre sveisepunkt som er rivne av.

Veldige krefter

Det vert slått fast at kollisjonen har vore kraftig:

– Kreftene som har påverka bilane har vore konsentrert om eit lite treffpunkt og påført energimengde er stor. Kombinasjonen av dette og treffpunktets plassering har ført til at bilen har delt seg. Her snakkar vi om enorme krefter frå den roterande bilen i stor hastigheit som møter den andre bilen i stor hastigheit.

VW-importøren meiner også at folk inne i bilen kunne blitt mykje meir skadd om bilen ikkje hadde gitt etter:

– Dersom ikkje nokon deler av bilen hadde gitt etter i slike samanstøyt, så er det stor fare for at energien ville blitt overført til personar i bilen med mykje større kraft.

Førarkortet inndrege

Føraren av bilen som kom i rotasjon, vart fråteken førarkortet på staden, noko han ikkje samtykte i. Ålesund politikammer tok då beslaget til retten, og fekk medhald i å ta frå han førarkortet fram til mars. Saka er ikkje påtalemessig avgjort, seier politiadvokat Arnt-Erik Oust ved Ålesund politistasjon til VG.

Verken VW-importøren eller fabrikken i Tyskland har gjort nærmare undersøkingar, og heller ikkje nokre av de norske etatane har etterspurt nærmare gransking av ulykka. Vegvesenet si eiga analysegruppe har ikkje gått inn i saka, fordi dei berre studerer ulykker med dødeleg utfall, skriv VG.

– Med så store krefter konsentrert om eit lite treffpunkt, har forsikringsselskapet, Vegvesenet, fabrikken og importør konkludert med at dette ikkje er noko som har behov for ytterlegare gransking. Det er ikkje funne nokon grunn for å mistenke svakheiter i korkje konstruksjon eller materiale, skriv Møller-konsernets kommunikasjonssjef Anita Svanes i ein e-post til VG.