Seksti og nitti dagar i fengsel for vald

To menn i 20-åra, busett i Ørsta kommune, er dømd til fengsel for m.a. valdshandlingar mot ein annan mann.

Fengsel: To menn i 20-åra må sone seksti og nitti dagar i fegnsel. 

Nyheiter

Den aktuelle hendinga skjedde 31. desember 2016. Ifølgje tiltalen vart ein mann halden fast opp mot ein bil og slått to gonger i ansiktet med olbogen og knytt hand. Den eine av dei tiltalte skal ha halde mannen, medan den andre slo. Både dei tiltalte mennene og offeret i saka var påverka av alkohol.

I tillegg til valdshendinga var begge mennene tiltalt for brot på vegtrafikklova. Den eine tiltalte skal ha køyrt bil der fjørene framme var kappa. Dekka skal ha vore heilt nedslitne grunna kontakt med skjermane. Rattet skal ha vore delvis demontert og baksete t mangla i bilen.

Mennene møtte begge i Søre Sunnmøre tingrett under hovudforhandlingane, og sa seg skuldige etter tiltalen.

I Søre Sunnmøre tingrett vart den eine mannen dømd til fengsel i seksti dagar. Den andre mannen vart idømd fengsel i nitti dagar. Begge vart dømd til å betale erstatning for økonomisk tap etter valdshendinga, i tillegg til oppreisingserstatning. Mennene vart ikkje idømt sakskostnader.