Hornmusikken tek deg jorda rundt

Ørsta Hornmusikk tek med seg publikum på ei musikalsk reise jorda rundt når dei held nyttårskonsert 21. Januar.

Øving: Ørsta Hornmusikk var samla i helga og terpa på programmet til nyttårskonserten 21. januar.  Foto: Joachim Åsebø

Det har kome inn ein del unge medlemmar i Ørsta Hornmusikk, og det er positivt

Ketil Grøtting

Dirigent: Ketil Grøtting dirigerer Ørsta Hornmusikk og gler seg til nyttårskonsert.  Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

Det har blitt ein tradisjon at Ørsta Hornmusikk inviterer publikum til nyttårskonsert. I helga var medlemmane samla til øvingshelg og dei siste detaljane skal kome på plass fram mot konserten søndag 21. januar. Årets konsert har fått temaet Jorda rundt på 80 minutt, og Hornmusikken gler seg til å vise sluttresultatet til publikum.

– Når vi skal plukke ut repertoaret til ein konsert er det alltid kjekt å ha ein ide å jobbe ut ifrå. I år fall valet på denne tematikken. Vi klarer sjølvsagt ikkje å dekke heile jorda, men vi tek ei runde der vi stoppar mange stadar, seier leiar Per Gunnar Flø i Ørsta Hornmusikk.

Musikalsk reise

Publikum får ta del i ei musikalsk reise som startar i Noreg, og det er nokre overraskande stopp på ruta.

– Der er ikkje mykje indisk eller kinesisk musikk, men vi har japansk musikk i konserten saman med amerikansk og europeisk musikk, seier Flø.

– Vi startar i Noreg før vi beveger oss austover til Sverige og Russland. Etter Japan kryssar vi Stillehavet og vitjar Nord- og Sør-Amerika. Vi skal og innom Nilen før vi avsluttar i Europa. Det blir ein veldig flott og variert konsert, seier dirigent Ketil Grøtting.

God utvikling

Dette er den andre perioden at Grøtting dirigerer Ørsta Hornmusikk. Han tykkjer det er positivt at det kom til ungt blod i korpset sidan hans førre dirigentperiode.

– Det har kome inn ein del unge medlemmar i Ørsta Hornmusikk sidan sist eg var med, og det er veldig positivt. Vi er veldig glade for den utviklinga, men her er plass til fleire i alle aldrar.

I tillegg til nyttårskonserten held Ørsta Hornmusikk på å planlegge resten av musikkåret 2018. Det er tre år sidan Hornmusikk var på tur saman sist og det kan bli ny tur i år.

– Det har også blitt ein tradisjon at vi har ein utekonsert i Vikegata i juni. Dei siste to åra saman med Hovden og Ørsta skulekorps har det vore ein stor suksess. Dette er noko vi satsar på å få til også i år. I tillegg vil vi spele på nasjonaldagen og det vil blir fleire sjansar for å høyre oss spele marsjar i gata. Vi skal kanskje tenke på å kome oss på tur saman igjen, men då må vi byrje å tenke skikkeleg på det ganske snart, seier Flø.

Von om fullt hus

Men først er det nyttårskonserten som står på agendaen til Ørsta Hornmusikk. Både Grøtting og Flø, saman med resten av Ørsta Hornmusikk, gler seg no til nyttårskonserten og har von om fullt hus i Ørsta Kulturhus.

– Det er eit nytt og spennande repertoar og alle som kjem på konserten vil få seg ei overrasking musikalsk. Det blir ein variert konsert med noko for kvar og ein sin smak.