Turvegar til 2,5 million

Ørsta kommune vil i løpet av året starte bygginga av ein 1.510 meter lang turveg i skule- og idrettsområdet i Ørsta sentrum. Vegen skal koste 2,45 millionar kroner.

Turvegnett: Det er i dette området at Ørsta kommune ynskjer å byggje opp eit turvegnett.,  Foto: Kjell Arne Steinsvik

Nyheiter

Dette går fram av ein søknad om idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning i samband med at det vert stilt krav om ei slik godkjenning før det vert søkt om spelemidlar. Målet er at det skal søkjast om spelemidlar til prosjektet før fylkeskommunen sin frist går ut i januar.

Levekårsutvalet har allereie prioritet prosjektet for spelemidlar, og prosjektet ligg dessutan inne i økonomiplanen til kommunen.

Det handlar eigentleg om tre turvegar som skal byggjast og knytast saman ni eit nett.

Den eine vegen skal gå frå Velle skule til «rundkøyringa» i Ripateigane ved Br. Øyehaug. Lengda på denne vegen vert 880 meter. Vidare skal det byggjast ein parsell frå den noverande idrettshallen forbi fleirbrukshallen med ei lengd på 150 meter. Den tredje vegen skal gå frå kunstgrasbana, på sørsida av Rossåa og søraustover mot Mosflata næringsområde. Lengda vert 480 meter.

Turvegen vert liggjande på fleire teigar, men kommunen eig dei alle.

Vegen skal ha to meters breidde, og det vert lagt vekt på å bruke grus mest mogleg tilpassa universell utforming.

Det er også laga eit alternativt forslag med ein asfaltert turveg. Her er kostnadsoverslaget på 5,43 millionar kroner, og då vert alternativet med grusveg vurdert som mykje realistisk.

Ørsta kommune kalkulerer med å bruke 1,065 millionar kroner frå eigne midlar, og då frå postane turveg/nærmiljøanlegg/sentrumsutvikling. Vidare har kommunen fått tilsegn på 400.000 kroner i statlege klimamidlar for bruk i 2018. Det vert rekna med spelemidlar på 750.000 kroner, og det vert håpa på sponsormidlar på 250.000 kroner.

Prosjektet vert sett på som ein naturleg del av oppgraderinga av uteområdet i nærområdet til fleirbrukshallen, og det er ei oppfølging av utviklingsplanen for Ørsta sentrum der grøne område og tilrettelegging for gåande og syklande i idrettspark- og utdanningsområdet er prioritert.

– Tiltaket koplar sentrum og nærfriluftsområda langs dei to hovudvassdraga i sentrum, med tilhøyrande opplevingsverdiar i eit frodig våtmarksområdet, heiter det i grunngjevinga.