Alt skal vidareførast:

Nye Volda lokkar Bjørke og Viddal

Nye Volda kommune vil ta over alle plikter for Bjørke-området som Ørsta har i dag, lovar Stig-Olav Lødemel, leiar for fellesnemnda for Nye Volda.

Gransking: I veke tre og fire vert innbyggjargranskinga for Bjørke og Viddal krinsar gjennomført. Foto: Over Bakken foto  Foto: Kjell Arne Steinsvik/Over Bakken Foto

Nyheiter

– Nye Volda vil overta forpliktingar som Ørsta kommune har i dag i området inklusive planlagd vegutbygging, mobilnett investering, beredskapsbåt m.m. og ansvar for alle kommunale tenestetilbod og ansvarsområde, heiter det i ei pressemelding frå Lødemel på vegner av fellesnemnda for Nye Volda kommune.

I pressemeldinga vert at det til at Volda kommune i 2018 har sett i verk strategi for klimatilpassa asfaltering m.m. av kommunale vegar, dette vil bli utvida til heile nye Volda. Tilsvarande er andre klimaretta tiltak under planlegging og iverksetting.

– Nye Volda har fått statlege midlar til fiberutbygging som i samarbeid med lokale bedrifter, innbyggarar og organisasjonar, kan gi fibertilgang/høghastigheitsnett til alle føretak og bustadar i kommunen. Digitalisering er ein av tre hovudstrategiar for nye Volda, heiter det.

Lødemel peikar også på at Nye Volda har næringsutvikling som hovudstrategi, og vil satse på oppbygging og utviding av rettleiing og anna støtte til etablerarar og føretak, med spesielt fokus på bygdenæringar inklusive reiseliv. Grodås vil vere base for denne verksemda. Nye Volda vil aktivt delta i planlegging og gjennomføring av utviklingstiltak i Hjørundfjord-området.

I pressemeldinga vert det vist til at Nye Volda vil halde oppe og vidareutvikle Grodås som senter for kommunale tenester for indre del av nye Volda. Dette gjeld kulturtilbod, barnehage, skule, helsesenter, lege, sjukeheim, omsorgssenter, base for heimebaserte tenester m.m. legeheimlar og helsetilbod (fysioterapi, frisklivssentral) skal framleis vere på Helsehuset i Hornindal.

Grodås skal vidare stimulerast gjennom å vere lokalt knutepunkt ved bruk av servicetorg, og plassering av publikumsretta og andre tenester som det er naturleg ligg desentraliserte. Ein skal ha representasjon knytt til landbruk, NAV og sosiale tenester.

– Nye Volda vil halde oppe fullverdig brannstasjon på Grodås og i tillegg tekniske tenester og infrastruktur ut frå behova for indre del av nye Volda. Lokalt brannvern vil bli halde oppe. Nye Volda vil samarbeide aktivt med Møre og Romsdal fylkeskommune for å forbetre offentlege kommunikasjonar også for indre del av kommunen.

– Volda kommune arbeider med arealdelen av kommuneplanen og prosessen vil frå 1.1.2020 omfatte heile kommunen. Det skal arbeidast for løysingar som gjer den nye kommunen til ein reell felles bu og arbeidsregion, heiter det i pressemeldinga, og det vert understreka at dette står fellesnemnda samla bak.