- Vil halde fram med skyssbåten

Ordførarane i Volda og Hornindal lovar at tilbodet med skyssbåten i Hjørundfjorden ikkje skal bli dårlegare ved ei eventuell grensejustering for Viddal og Bjørke krins.

Skyssbåt: Ørsta kommune fryktar at finansieringsgrunnlaget for skyssbåten på Hjørundfjorden kan ryke dersom Viddal og Bjørke vil høyre til nye Volda kommune.   Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

- Nye Volda kommune er klar til å tre inn i den avtalen Ørsta kommune har med Christian Gaard Bygdetun AS. Vi legg stor vekt på å ikkje medføre dårlegare tilbod til Bjørke, seier ordførar Jørgen Amdam i Volda kommune til Møre.

Les også: Fryktar for skyssbåten

Christian Gaard Bygdetun tok over drifta av skyssbåten i Hjørundfjorden i fjor sommar. I Ørsta kommune fryktar dei for drifta av skyssbåten av Viddal og Bjørke krins vel å gå over til Nye Volda kommune. 

- Dei forpliktingane Ørsta kommune har overfor Bjørke i dag vil vi overta. Det skal dei ikkje dere bekymra for, seier ordførar Stig Olav Lødemel i Hornindal kommune. 

Ifølgje Møre skal Nye Volda kommune vere i dialog med Fylkesmannen i Møre og Romsdal rundt skyssbåten.