Skryt til dei frivillege

Caroline Rudi startar 2018 med å gje skryt til alle som legg ned frivilleg innsats.

Skryt: Dei frivillige på Bondalseidet er mellom fleire som får skryt av Caroline Rudi.  Foto: Svein Aam

Nyheiter

Eg må få starte 2018 med skryt. No vil eg skryte av alle som stiller opp frivillig. Ingenting varmar kring mitt hjerte meir enn folk som står på for at me andre skal få ha det kjekt.

Vaktene på Bondalseidet som hjelper til for at me skal renne trygt i bakken, eller få kjøpt oss ei, to eller tre pølse i kiosken. Dei som passar heisa og slakkar farta for at barnet ditt skal få gå trygt på. Dei som arrangerar alle slags cupar og treningar, anten det er fotball, handball, svømming eller det som er. Dei som trenar deg eller ungane dine. Dei er med på å utvikle deg og oss andre. Dei er med på å skape trygge rammer og utfordre oss. Dei står på for at me skal få ei god oppleving.

Skryt til dei som stiller opp på alle slags festar, arrangement og andre anledningar. Dei som står med eit smil og munnen på 17. Mai og får ting til å gå rundt. For det er faktisk på grunn av desse frivillige at mykje av det som skjer i bygda er mogleg. Takk til dei som står på! Det er gøy å sjå når bydaengasjementet er stort! Det må me halde godt på.

Takk til alle som stiller opp til alt mogleg frivillig arbeid, eg kunna ramsa opp mykje meir og endå litt til. De gjer ein kanonjobb! De er med å utviklar bygda til å bli betre.

Caroline Rudi