Ekstremvêret Cora treff Midt-Noreg søndag

Uvêret er no oppgradert til ekstremvêr.

TREFF LAND: Vinden vil først gå langs kysten av Møre og Romsdal, før han på føremiddagen skiftar retning og går rett på land i Trøndelag. Slik er veret venta å vere ved titida søndag.   Foto: Meteorologisk institutt

Nyheiter

– Folk må sikre lause gjenstandar og bør ikkje legge planer om utfart søndag morgen og føremiddag. Vinden blir så kraftig at den kan lamme fergetrafikken, og kraftig snøfokk vil gjere køyreforholda svært vanskelege, seier statsmeteorolog Haldis Berge til yr.no.

Fredag gjekk Meteorologisk institutt ut med varsel om kraftig vind i såkalla Fase A. Lågtrykket som byrja å bygge seg opp ved Island har bevegd seg vdiare, og prognosane viser at det vil bygge seg opp til eit stormsenter i løpet av laurdagen. Uvêret som var varsla er no oppgradert til ekstremvêr, og det er venta vindkast opp mot 160 km/t i Trøndelag. Det er sendt ut offsielt ekstremvêrvarsel for Møre og Romsdal og Trøndelag.

Vinden skal treffe Møre og Romsdal først tidleg søndag morgon. På utsette stadar er det meldt vindkast på 35 til 40 meter per sekund. Det er venta at den kraftigaste vinden treff Trøndelag.

Uvêret er venta å avta utover ettermiddagen søndag. Ekstremvêret vil og føre til mykje snø i begge fylka.

– Sjølve stormsenteret vil kome inn og legge seg over Helgeland, men det er i områda under lågtrykket at det blir kraftigast vind. Denne gongen ser det ut til å bli verst i Trøndelag, seier Berge.

Til Sunnmørsposten seier statsmeteorolog Kristin Seter at uvêret vil gå lenger nord enn først berekna.

- For Sunnmøre sin del vil det seie at det blir litt mindre vind enn tidlegare meldt. Vinden frå sørvest vert kraftigast, og denne slår inn søndag morgon eller seint i natt.