Leiarartikkel

"Å melde seg ut at Ørsta er ei sak. Noko anna er å melde seg ut av Hjørundfjorden."

Leiarartikkelen 6. januar handlar om framtida til Bjørke

Innbyggjargransking: I veke tre og fire på nyåret skal innbyggjarane i Bjørke-området vert høyrde om ei eventuell grensejustering.  Foto: Rune Sæbønes

Å melde seg ut at Ørsta er ei sak. Noko anna er å melde seg ut av Hjørundfjorden.

Nyheiter

Så er det straks klart for innbyggjarundersøkinga i Bjørke og Viddal, der spørsmålet er om dei vil vere ørstingar eller voldingar. Dei unge på Bjørke som utløyste prosessen har uttalt: «Hornindal er ei rik bygd, og med Bjørke, Kalvatn og Austefjorden på laget har me moglegheit til å skape ein sterk krins i «Nye Volda». Bjørke er ein liten stad og vårt kulturelle og sosiale miljø vil bli styrka av å høyre til denne krinsen. I dag leiger vi tenester i nabokommunane, mens skattepengane og stemmeretten vår går til Ørsta.»

Liten skilnad

Den som les faktagrunnlaget frå Ørsta og Volda kommunar vil sjå at det ikkje er særleg tyngde i dette argumentet for å bli voldingar. Det er rett at skattepengane går til Ørsta, men for desse pengane kjøper Ørsta kommune tenester i Volda og Hornindal, som folk på Bjørke dreg nytte av. Innspela både frå Volda og Ørsta er eintydige: Folk på Bjørke og Volda vil i praksis merke liten skilnad i tenestetilbodet ved å bli med i Nye Volda. Ungane går alt i dag på skule og barnehage i Volda eller Hornindal, og folk kan allereie velje om dei vil gå til legen i Volda eller Ørsta. Ei rekkje andre tenester er interkommunale, og dermed identiske i Ørsta og Volda.

Kvivskrinsen

Volda kommune peikar og på at det er omfattande samkvem mellom folk på Bjørke, i Hornindal og Austefjord. Det er kommunikasjonar som hemmar det sosiale livet til folk, ikkje kommunegrenser. Kommunesamanslåing vil neppe skape «ein sterk krins i Nye Volda». Denne krinsen, og eit styrka sosialt miljø, er alt skapt – av Kvivsvegen.

Men for eitt tenestetilbod vert det truleg ei merkbar endring, ifølgje faktagrunnlaget. Går Bjørke til Volda vert det vanskeleg å finansiere skyssbåten på Hjørundfjorden. Ørsta kommune skriv at skyssbåten både er eit samferdslemessig lim mellom bygdene i fjorden, og ein viktig del av reiselivssatsinga. Her nærmar vi oss det viktigaste argumentet for at Bjørke og Viddal skal bli verande i Ørsta.

Reiselivskommunen Ørsta

I Ørsta er det for tida ei omfattande satsing på å utvikle reiselivet i Hjørundfjorden. I botnen ligg ein offentleg strategi om å auke verdiskapinga knytt til reiselivet. For kva anna kan skape nye arbeidsplassar og aktivitet i fjordbygder som Bjørke i framtida? Det siste dømet på at det spirer og gror innan det lokale reiselivet er omtalt i avisa i dag, nemleg planane om Hjørundfjord kultur- og matfestival, med utgangspunkt i Bakketunet på Bjørke.

Ørsta har lange tradisjonar som reiselivskommune, og er på offensiven. Volda er ein kvit flekk på reiselivskartet, med eit usynleg reiselivslag. At Bjørke framleis blir i Ørsta er viktig, både for reiselivet på Bjørke, og Hjørundfjorden.

Hjørundfjordingar

At mange på Bjørke og Viddal har problem med å føle seg som ørstingar er kanskje forståeleg. Men alle på Bjørke og Viddal kjenner vel at dei er hjørundfjordingar, berre dei kjenner godt nok etter? Å melde seg ut at Ørsta er ei sak. Noko anna er å melde seg ut av Hjørundfjorden.