Novembertala frå Avinor viser at det framleis er vekst i passasjertrafikken til og frå Ørsta-Volda lufthamn, Hovden.

Tala frå Avinor syner at det var 9.182 passasjerar som reiste til og frå Hovden i november. Det var 44 som mellomlanda, og det gjev ein totaltrafikk på 9.226 passasjerar. Auken er på 3,2 prosent.

Til og med utgangen av november hadde 99.326 passasjerar reist til og frå Hovden. Inkludert transittpassasjerar var totaltrafikken på Hovden dei elleve fyrste månadene på 100.064 passasjerar. Det er ein vekst på 6,0 prosent.

13-ruta tilbake

– Frå og med 4. desember kom 13.00-avgangen til Oslo tilbake i ruteplanen, og vi er spente på korleis dette vil påverke passasjertalet for desember, seier lufthamnsjef Sverre Bae hos Avinor.

Tala frå Avinor syner at det var nedgang i passasjertrafikken for kortbaneflyplassane Sogndal, Florø og Sandane i november, medan Førde hadde ein vekst på 0,9 prosent.

Så langt i år har det vore ein nedgang på 5,0 prosent for Florø, medan dei andre kortbaneflyplassane i Sogn og Fjordane ligg stabilt eller har ein liten vekst.