Sel julesnop og byd på julestemning

Nyheiter

Elevar frå restaurant- og matfag ved Ørsta vidaregåande skule har stått på som ekte nissar den siste månaden for å lage sju sortar og meir til. Resultatet byd dei på i Vikegata torsdag, og fredag. I dei vesle bodene ved Svendsengarden sel dei alt frå konfekt og karamellar til tradisjonelle julekaker. Dei har også syltaflesk og marvpostei, og byd på kaffi, kakao og vaflar til dei som kjem innom.

Så er julestresset i ferd med å nå deg, er det ingen grunn til panikk. Julebaksten er allereie sikra.