Nært møte med ung fuglekonge

Øystein Bakke fekk tysdag nærkontakt med ein ung fuglekonge.
Nyheiter

– Det som skjedde var at eg stod ved glascontainaren på VØR, og då såg eg ein fugleunge på bakken. Eg tok den opp i handa. Den byrja å gå oppover arma mi og opp på hovudet, seier Bakke.

Fugleungen som var av arten fuglekonge flaug vekk frå Bakke, men desseverre har ikkje dyremøtet ein lukkeleg slutt.

– Fugleungen var sikkert ikkje så flink til å flyge. Då eg var stad og kosta litt seinare fann eg han død. Den hadde sikker floge på eller støtt på eit eller anna. Eg trur at foreldra held til på sorteringsanlegget, seier Bakke.