Mann i tjueåra sikta for overfall i Volda

Vart pågripen tysdag.

Det var i eit hus i denne gata overfallet skjedde.  Foto: Svein Aam

Nyheiter

Ein mann i slutten av 20-åra er pågripen og sikta for grov kroppskrenking etter overfallet på ei unge kvinne i Volda natt til søndag, melder Møe og Romsdal politidistrikt i ei pressemelding.

- Den sikta vart avhøyrd ut over kvelden tysdag på Volda og Ørsta lensmannskontor og han vil bli framstilt i tingretten med krav om varetektsfengsling, seier politiadvokat Cathrin Remøy i Møre og Romsdal politidistrikt.

Pågripen tysdag

Den sikta mannen – som ikkje er norsk borgar - vart pågripen av politiet tysdag ettermiddag i bustaden sin i ei av nabokommunane til Volda.

Det vart sett i verk ei omfattande etterforsking som involverte fleire einingar i Møre og Romsdal politidistrikt då det natt til søndag kom inn melding om at ei 20 år gammal kvinne hadde vorte overfallen i sin eigen bustad i Volda sentrum.

- Vi har fått mykje hjelp frå publikum i løpet av dei døgna som har gått sidan overfallet og gode vitneforklaringar spelte ei sentral rolle då dei siste bitane fall på plass slik at vi kunne pågripe det vi trur er gjerningsmannen, seier lensmann Guttorm Hagen i Volda og Ørsta.

Glad for rask oppklaring


Lensmannen understrekar kor viktig det det er å oppklare slike saker raskt.
 

- Det er viktig at folk skal kunne kjenne seg trygge i sin eigen bustad, seier lensmann Hagen.