– Viktig å ta klubben tilbake

Etter snart seks års Sparebanken Møre, går VTI fotball no i allianse med konkurrenten Sparebank 1.

Nye tider Det er ingen tvil om kven sin logo som skal profileres i forgrunnen framover.  Foto: Tarjei Engeset Ofstad

Nyheiter

Det var masse entusiasme i lufta då VTI Fotball og Sparebank 1 Søre Sunnmøre lanserte sin nye generalsponsor-avtale på klubbhuset 6. desember.

– Besluttsomheita banken viste tidleg i prosessen, appellerte sterkt til oss, seier Solveig Storeide, dagleg leiar i VTI fotball.

Var sårt å miste klubben

Då det tikka mot slutten for avtalen med Sparebanken Møre, kom eit offensivt Sparebank 1 på banen og gjekk i møter med klubben.

–  Å miste VTI fotball for fem-seks år sidan – det var sårt. Det var viktig å ta klubben tilbake no fortel Stig Brautaset som er administrerande direktør for verksemda på Søre Sunnmøre

Utan å ville gå ut med tala, fortel partane at sponsoravtalen inneber pengebeløp som er uvanleg store for ein 4.divisjonsklubb å vere. I følgje Brautaset blir dette den klart største avtalen banken har på Søre Sunnmøre.

– Her i Volda har vi hovudkontoret vårt, og her skal vi vere dominerande. Det var viktig å ta VTI Fotball tilbake, seier han.

Skal styrke både topp og breidde

Han forklarar at måetl med avtalen er styrke VTI Fotball frå breidde til A-lag, for gjennom det å bidra til at folk har lyst til å flytte til, bu og virke i Volda. 

VTI fotball sine viktigaste sportslege mål er å få herrelaget tilbake til 3. divisjon, og damelaget tilbake til 2. divisjon, i følgje Storeide.

Storeide er optimistisk til kva Sparebank 1 kan vere med på å få til, også i samband med den nye aktivitetsparken som byggast ved stadion.