Vil ikkje redusere

Arbeidarpartiet vil halde oppe dagens frekvensen i sambandet Volda- Folkestad.

frekvens: Ap vil oppretthalde frekvensen i Volda - Folkestad.  Foto: Janne-Marit M. Falch

Nyheiter

– Arbeidarpartiet går mot den føreslegne reduksjonen på ferjesambandet Volda-Folkestad, fortel stortingsrepresentant Fredric Holen Bjørdal (Ap)..

Han poengterer at dette er eit viktig samband for gjennomgåande riksvegtrafikk, og sambandet har òg stor betydning for lokalsamfunna på sør- og vestsida av Voldsfjorden.

– Arbeidarpartiet støtter omlegginga til ferjemateriell med nullutslepp på sambandet Volda-Folkestad, men understrekar på linje med lokale innspel at rutetilbodet minst skal haldast oppe på dagens nivå, seier Holen Bjørdal.

Det var tidlegare i haust det vart kjent at Statens vegvesen ynskjer å redusere i frekvensen mellom Volda og Folkestad. Medan vegvesenet vil ha tjue minutts avgangar i Festøya–Solavågen, vil frekvensen vert i Volda–Folkestad berre vere på førti minutt, mot tretti minutt i dag.

– Vi meiner ferjetilbodet i sambandet ikkje må reduserast, og utfordrar regjeringa til å bruke to nye ferjer for å halde oppe eit tilbod minst på linje med dagens tilbod, seier Holen Bjørdal.