Godtok ikkje førelegg

Ein mann i 30-åra må møte i Søre Sunnmøre tingrett då han ikkje vil godta eit førelegg for brot på vegtrafikklova.

retten: Ein mann i 30-åra busett i Ørsta må møte i tingretten. 

Nyheiter

Ifølgje siktinga køyrde mannen bil i mai 2016 utan å vere tilstrekkeleg omsynsfull då han mista kontroll over bilen og køyrde i autovernet. Ifølge siktinga oppstod det store skader på bilen.

I samband med den omtala hendinga er mannen og sikta for å ha transport barn under 150 cm utan at godkjent sikringsutstyr vart brukt. Mannen var bøtelagt 7.000 kroner, men har ikkje godteke førelegget og må no i retten.