Arbeidet om grensejustering i gang

Bjørke: Fylkesmannen har sett i gang arbeidet om ei eventuell grensejustering.  Foto: Kjell Arne Steinsvik/Over Bakken foto

Nyheiter

Fylkesmannen i Møre og Romsdal er i gang med arbeidet om ei eventuell grensejustering for Bjørke og Viddal. No ber han Ørsta og Volda kommunar om faktaopplysningar.

Ørsta kommune vert bedne om å gjere greie for eller supplere allereie faktaopplysningar om verknadene ved ei eventuell grensejustering. Kommunane Volda og Hornindal, på vegner av nye Volda kommune, skal også gjere greie for fakta på dei områda det er naturleg at kommunen uttalar seg om.

Ørsta kommune vert i tillegg bedne om å kome med ei oversikt over alle innbyggjarar i Bjørke og Viddal over seksten år, og med telefonnummer.

– Innbyggjargranskinga vil skje i form av telefonundersøking, og informasjon om dette vil bli sendt ut i løpet av desember 2017, kommenterer fylkesmannen.