Ørsta kommune har ute til høyring eit forslag om at det vert innført ei såkalla anløpsavgift i Ørsta: Det vil seie ei avgift på båtar over femten meter som nyttar kommunale kaier og farleier i kommunen.

Vartdal Fiskeoppdrett presiserer at dei sjølve ikkje nyttar kommunale kaier, slik at eit kaivederlag ikkje vil vedkome verksemda.

Men avhengig av innretninga på avgifta, kan fleire av Vartdalgruppa sine selskap verte råka. Det gjeld anløp av forbåtar til matfiskanlegg og anløp til Vartdal fryseri si kai på Vartdal.

– Kostnaden vår med innføring av anløpsavgift kan vere at transportselskapa lett kan auka frakta/kostnaden av fiskefôr eller andre varer/tenester når dei sjølve vert pålagde denne avgifta ved anløp til forflåtar/kaier, heiter det frå Vartdalgruppa Fiskeoppdrett AS.

Dei ber primært om at avgifta ikkje vert innført, sekundært om at kommune held seg til minstesatsen på 140 kroner uansett tonnasje på båtane. Det er det same som det Herøy kommune har.