Ynskjer sak om Vartdal-garanti

Andelsbrev: Leiar Jon Helge Bjørndal i Vartdal TIL håper på stor respons frå bygdefolket når VTIL andelsbrevaksjonen startar.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Formannskapet i Ørsta ynskjer å få på bordet ei sak om kommunal garanti til Vartdal TIL snarast råd.

Vartdal TIL har søkt om ein garanti på 12 millionar kroner. Denne garantien bør vere på plass i god tid før 15. januar, for han er avgjerande for finansieringsplanen av nytt idrettsanlegg på Vartdal. Denne planen må vere på plass for å få godkjent ein spelemiddelsøknad.

I formannskapet var det vilje til å få saka handsama, men det må ei utgreiing til fyrst.

Rådmannen lova å ta tak i saka, men kunne ikkje love nokon dato. Håpet blant formannskapsmedlemmene er å få handsama saka i samband med budsjettmøtet til kommunestyret.

– Det å gje kommunale garantiar slike typar anlegg har vore kurant tidlegare, og burde vere det også her for likebehandling av idrettslaga i kommunen, sa Hans-Olav Myklebust (Frp).

Ordførar Stein Aam (Sp) gjekk også langt i å love ein garanti.