Vil lukke alle avvik ved Sæbø skule

Formannskapet rår til å løyve 500.000 kroner til eit forprosjekt for Sæbø skule. Målet er å få lukka alle avvik ved skulen.

Sæbø skule: Ungdomsskuledelen ved Sæbø skule ligg både i fonnfare og er nedsliten.  Foto: Andre

Nyheiter

Samstundes skaper skredfare eit problem. Det gjer at det i det komande forprosjektet må avklarast kva bygningsmessige tiltak som er mogleg å få gjennomført utan at det kjem i konflikt med skredfaren.

Bakgrunnen for saka elles er at fleire tilsyn har konkludert med kritikkverdige forhold ved skulen, både bygningsmessig og når det gjeld inneluft. Det er truga med at det kjem krav om å stengje ungdomsskule-delen av skulen.

I formannskapet var det stor vilje til å få gjennomført tiltak, samstundes som fleire innsåg at eit nybygg kan liggje mange år fram i tida.

– Målet må vere å løyve nok pengar no slik at vi gjer skulen god nok for ti nye år, sa Marit Aklestad (SV).

Etter forslag frå Hans-Olav Myklebust rår formannskapet til at det vert løyvd 500.000 kroner til utgreiingar og forprosjekt, og der målet er å få lukka alle avvik.