Varslar flaum på Vestlandet

NPK-NTB: Opptil 400 millimeter nedbør kombinert med høge temperaturar og vind gjer at NVE har gått ut med flaumvarsel på oransje nivå for Vestlandet.

  Foto: Janne-Marit Myklebust

Nyheiter

Oransje nivå er det nest høgste nivået på flaumvarsla frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), og det beskriv ein alvorleg situasjon med sannsyn for alvorlege skader.

Flaumvarselet gjeld for Rogaland og Hordaland, men også Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane vil merke den kraftige nedbøren. Situasjonen blir forverra av at relativt høge temperaturar sørgjer for kraftig snøsmelting i tillegg til den kraftige nedbøren.

Les også: Norangsdalen stengt grunne snøskredfare

Det er vanta mykje regn, opptil 400 millimeter frå tysdag til og med torsdag. Mesteparten av nedbøren kjem allereie tysdag – då er det meldt opptil 200 millimeter på 24 timar. Det er venta ytterlegare 100 millimeter nedbør onsdag og opptil 60 millimeter på torsdag.

Vêret medfører også stor fare for jord- og sørpeskred. Med gjeldande prognose er sørlege delar av Vestlandet mest utsette på tysdag. Onsdag og torsdag kan delar av Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal også vere utsette. Faren for jord-, sørpe- og flaumskred aukar spesielt tysdag ettermiddag, heiter det i varselet frå NVE.

(©NPK)