Ørstahallen er i rute

– Bygginga av Ørstahallen er i rute. Opningsdatoen er 7. desember 2018. Det skal vi greie å no, seier prosjektleiar Frank Flusund i Ørsta kommune.

Nøgde: Prosjektleiar Frank Flusund, ordførar Stein Aam og byggjeleiar Martin Kroken Nesje frå HS-Bygg er nøgde med framdrifta for Ørstahallen,  Foto: Rune Sæbønes

Eg køyrer ned om hit kvar dag for å sjå. Dette prosjektet vil eg verkeleg følgje med på

byggjeplass: Dei store kranene er på, plass, og arbeidet med Ørstahallen er verkeleg i gang.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Torsdag tok han og ordførar Stein Aam seg ei synfaring på byggjeplassen til den nye Ørstahallen. Dei synlege teikna på at eit stort bygg er i vente, er tydelege.

Store kraner er på plass, og det er graving fleire stader. Og dessutan er konturane av garderobeanlegget no synlege.

– Vi er i rute. Det vil seie tett bygning i løpet av våren 2018, og ferdigstilling til 7. desember 2018. Det er datoen som er sett for overtaking av bygningen, fortel Flusund.

Og for ordførar Stein Aam var det også godt å sjå at arbeidet er i rute. Som ordførar er han ansvarleg for at det brukt brutto kring 190 millionar kommunale kroner til prosjektet.

– Eg køyrer ned om hit kvar dag for å sjå. Dette prosjektet vil eg verkeleg følgje med på, fortel ordføraren.

Det er HS Bygg frå Stryn som er hovudentreprenør på bygningen. Dei har no seks personar i arbeid, og i tillegg er det leigd inn seks gravemaskinar med førarar.

– Talet på personar som er i arbeid med Ørstahallen vil raskt auke. Vi reknar med at på det meste vil meir enn femti personar vere i arbeid på anlegget, fortel byggjeleiar for Ørstahallen hos HS Bygg, Martin Kroken Nesje.

Noko av det arbeidet som er viktig no, er å flytte kloakkleidningar og vassleidningar.

– Kloakkleidninga går no midt under tomta, og må flyttast slik at ho går rundt hallen, fortel Flusund. Han håper på ein mild vinter, for då vil i alle fall ikkje vêret vere til hinder, seier Flusund.

Med frosten som har vore siste dagane, byrjar det å vere litt tele i bakken, men ikkje slik at det har skapt problem.

– Nei, maskinane har fått godt tak i grunnen. Men det er snø og frost som vil vere problematisk for oss. Ein mild vinter med regn vil vere heilt greitt, seier Kroken Nesje.

HS Bygg har også i tråd med entreprisen arbeidd med å dekkje av området for den nye utstillingsplassen på Mosflata.