Rolf-Magnus Sundgot, seksjonsleiar tekniske tenester, orienterte formannskapet om dei lokale forskriftene og poengterte at dette er ei omfattande sak. Kommunen har i dag ansvar for tryggleik og god framkomst i hamner og kommunen sitt sjøområde.

– Vedtak av eiga forskrift for Ørsta hamn vil vere eit verkemiddel både for ein meir aktiv haldning på desse områda, og eit juridisk rammeverk for å kunne utnytte inntektsmulegheitene lova gir kommunen på dette området, heiter det i sakspapira.

Ifølgje saksopplysningane er anløpsavgifta er den einaste avgifta kommunane kan fastsetje og krevje inn med direktehjemmel i hamne- og farvasslova.

– Anløpsavgifta skal ikkje gi eit økonomisk overskot, og kan berre gå til å dekkje bestemte kostnader, altså ikkje alle kostnader kommunen har med eit anløp.

Det er og valfritt om kommane vil krevje inn anløpsavgift. Kommunen ikkje kan ta anløpsavgift for både inn- og utseiling. Ved fleire anløp i døgnet kan det berre krevjast avgift ein gang pr døgn.

Om det skal bli aktuelt å inføre ei slik avgift i Ørsta er det ferjekaiene og Ørstatermindalen som potensielt kan gje størst inntekter til kommunen.Formmanskapet har no sendt forskifta ut på høyring, og saka skal handsamast av kommunestyret i desember.

– Formannskapet ber administrasjonen utarbeide og inngå avtale med Ålesundsregionens Hamn om monitorering og innkrevjing av avgifter/vederlag for bruk av kommunen sitt sjøområde på vegne av Ørsta Hamn, heiter det i vedtaket.