Øystein klar for sesongen

Ein smørblid Øystein Bakke var på plass då det var sesongopning på skitrekka.

Øystein Bakke tar ei velfortent pause frå jobben med parkeringa på Reset.  Foto: svein aam

Lengst køar var det på familietrekket tysdag.  Foto: svein aam

Nyheiter

Både på Bondalseidet og Reset var det sesongopning for trekka tysdag. Forholda på begge skisentera er glimrande, og begge stader var det gratiskøyring.

Dugnad

Skisentera er i stor grad baserte på dugnad, og ein av dei aller mest trufaste er Øystein Bakke.

Tysdag kveld var han på plass, godt innepakka, for å dirigere trafikken på parkeringsplassen på Reset.

– Veldig kjekt at det vart så fine forhold. I kveld har folk kosa seg, seier Øystein Bakke.

Han meinte det var om lag 100 bilar på parkeringsplassen, så det var plass til fleire.

I bakkene var det stor aktivitet. På Reset var det lengst kø i familietrekket.