Nytt kommunevåpen

Dama med ljåen?

Debatten er i gang om nye Volda sitt kommunevåpen.

Forslaget til nytt kommunevåpen for Volda-Hornindal er ein kombinasjon av dei to gamle kommunevåpena. -Dama med ljåen, meiner ein av Møre-Nytt sine lesarar. 

Nyheiter

Møre-Nytt har bede sine lesarar vurdere forslaget til nytt kommunevåpen for Volda, etter samanslåinga med Hornindal. Det manglar ikkje på kommentarar- både seriøse og mindre seriøse.

"Vanskeleg å få det betre. Fyllepennesplitten til Volda og ljåane til Hornindal. Kan det bli betre når to slår seg saman? Begge kommunevåpena i eitt", skriv ein utflytta ørsting på Møre-Nytt sine Facebook-sider.

Skepsis

Dette får ein volding til å kome med ein kommentar som røper skepsis til at ørstingar skal kommentere Volda sitt kommunevåpen. Han skriv: «Vanskeleg å få det betre, men kva om ørstingane blandar seg inn , som dei har ein tendens til å gjere, og rotar det til?»

Fleire saknar noko heilt nytt og moderne.  «Mangel på nytekning er alltid det enklaste», er ein kommentar. Andre er direkte kritiske: «Ser ut som medisinsk utstyr frå mellomalderen», kommenterer ein.

Kvinnelege former

Andre henger seg opp i dei kvinnelege formene til kommunevåpenet i Volda, og kjem med kommentarar som er på kanten. «Heraldisk porno», skriv ein.  Og ein anna meir humoristisk kommentar i denne gata: «Dama med ljåen».

Men det er flest positive kommentarar. « Flott synest eg. Synd at Ørsta manglar», skriv ein av Møre-Nytt sine lesarar på Facebook.