Det går fram av rådmannen sitt budsjettforslag som vart lagt fram fredag. Formannskapet vil få budsjettet presentert komande tysdag, og startar då budsjetthandsaminga.

Sjølv om det vert investert over 300 millionar kroner i 2018, er det likevel mindre enn for inneverande år, då det er budsjettert med samla 352 millionar kroner i investeringar.

Fleirbrukshallen tek ein tredel

Den største investeringsposten i 2018 er fleirbrukshallen. Åleine reiser dette prosjektet med 109 millionar kroner det komande året, ifølgje rådmannen sitt budsjettforslag.

Men det er også andre store investeringspostar. På det nye legesenteret, der den største løyvinga var i år, skal det løyvast 16,3 millionar kroner. I denne løyvinga ligg det inne pengar til møblering og utstyr.

Vidare har rådmannen gjeve plass til ei stor løyving til oppgradering av Ørsta rådhus. Det er sett av 14 millionar kroner i 2018, og då vert det lagt opp til store løyvingar også i 2019 og 2020. Totalsummen får rådhusinvesteringa vert 54 millionar kroner.

Jamfør vedtak i kommunestyret, vert det sett av midlar til planlegging av ein ny sentrumsskule med 650.000 kroner. Dei fyrste større løyvingane til prosjektet på i alt 63,35 millionar kroner kjem i 2019.

Kommunestyret har lagt føringar for ei løyving til Hovden skule på fem millionar kroner, og dette er følgt opp av rådmannen. Det er også foreslått 8,7 millionar kroner til flyktningbustader.

Skredsikring

Den nest største investeringa i 2018 vert skredsikringa av Vallabøen, der det er foreslått å bruke 31,25 millionar kroner komande år. Totalt er det kalkulert at denne skredsikringa vil kome på 57,5 millionar kroner.

Tømmerkaia på Ørstaterminalen er også inne i investeringsbudsjettet med ei løyving på 16,75 millionar kroner. Det er også lagt opp til ei oppgradering og opprusting av Vikegeila vassverk med 15 millionar kroner.

Sjølv om mange tiltak har fått plass i investeringsbudsjettet, er det fleire tiltak som ikkje er valde frå rådmannen si side. Det gjeld mellom anna klasserom og brannsikring ved Velle skule, ferjekai på Skår og klatrepark på Vikemarka skule.

Som rådmannen varsla under budsjettkonferansen til kommunestyret for ei veke sidan, er ho uroa over drifta.

– Budsjettet for 2018 syner eit litt for høgt driftsnivå. Sjølv om det er ei forbetring frå 2017, viser prognosane at driftsnivået vil liggje for høgt og stige dei komande åra. Dette er ikkje noko som har oppstått brått eller uventa, men har bakgrunn i prioriteringar, kommenterer rådmannen.

600 millionar til drift

Driftsbudsjettet balanserer på 599 millionar kroner. Det er ein nominell auke frå fjoråret som er mindre enn løns- og prisstiginga. I realiteten er det eit kutt på 2,3 prosent, noko kommunestyret har føresett.

Dette medfører som varsla at det vert kutt i ni årsverk innan seksjonen for omsorg pleie, avvikling av den nye avdelinga ved Sæbø barnehage, kutt i lærarstillingar frå hausten 2018 med 1,15 millionar kroner og fleire born per vaksen i barnehagane mellom anna.

Eigedomsskatten er foreslått uendra på to promille, med eitt viktig unntak. For verk og bruk vert eigedomsskatten foreslått heva til 2,8 promille. Rådmannen forklarar dette med endringane som er varsla av regjeringa i statsbudsjettet, der skatt på produksjonsutstyr og produksjonsinstallasjonar skal fasast ut over ein periode på fem år.

Ørsta rådhus: Rådmannen ynskjer å kome i gang med renoveringa komande år. Foto: Janne-Marit Myklebust
hovden skule: Fem millionar skal brukast på å renovere Hovden skule. Foto: Roy-Arne Folkestad