– Vi kan vere lukkelege for at vi har slått oss saman. Viss ikkje hadde det vore smalhans, konkluderte ordførar Jørgen Amdam, etter at rådmannen og økonomisjefen i Volda la fram sitt budsjettforslag for kommunestyret torsdag.

Rådmannen sine tal viste at det vert ein vekst i frie inntekter på 15,8 millionar kroner frå 2017 til 2018.

– Utan vedtak om kommunesamanslåing ville veksten vore om lag sju millionar kroner lågare, seier rådmann Rune Sjurgard.

Nye investeringar

Rådmannen meiner det er rom for nokre nye investeringar i økonomiplanen for dei neste fire åra.

Det vert gitt grønt lys for kommunal deltaking i spleiselaget som skal gi ny idrettshall. Rådmannen går ut frå at hallen, med det flotte namnet Volda Campus Sparebank 1 Arena er klar i 2020.

–Vi er inne i ein veldig positiv dialog med fylkeskommunen, men det er meir usikkert med høgskulen, sa rådmannen.

Han opnar for at ein symjehall kan koplast på Volda Campus Arena.

– Vi er pålagde ved lov å ha undervisingsbasseng når symjehallen på Idrettsbygget vert stengd, men det kan og vere opning for eit 25-metersbasseng. Eg håper på eit samarbeid med Volda Campus Arena om symjebasseng. Eg trur vi kan få til noko veldig interessant, sa rådmann Rune Sjurgard.

Eit anna samarbeidsprosjekt, Mediebygget med kultursal, har havarert. I staden blir det auka fokus på å gjere meir ut av Volda samfunnshus.

–Volda bør ha ein skikkeleg kinosal, og så får vi jobbe med å få til ein kultursal. Men her er utfordringa driftsutgiftene. Vi kan ikkje ha ein hall som berre er i bruk eit par dagar i veka, seier rådmannen.

Kutt i oppvekstsektoren

Det er sett av pengar til oppussing, og eventuelt utviding, av Volda Ungdomsskule, men på driftssida vert det trongare i oppvekstsektoren. Bakgrunnen er mellom anna krav frå sentralt hald om å effektivisere den kommunale drifta.

– Vi må sjå på om vi har råd til å drive så mange skular og barnehagar som vi har i Volda. Vi må samordne skule og barnehagestrukturen, sa rådmannen, og la trykk på «må».

Mest er det truleg å hente på å leggje ned tre kommunale barnehagar i sentrum, og å byggje ein ny.

– I budsjettet legg vi opp til ein stor sentrumsbarnehage, sjølv om det ikkje er vedtatt, sa rådmannen.

Rådmannen meiner Volda ikkje treng å auke eigedomsskatten dei tre neste åra, men vi auke til tre promille i 2021.

Investeringsprogram

Dei største investeringane i økonomiplanperioden (fram til 2022) er:

· IKT og digitalisering (digitalisering i skulen og velferdsteknologi)

· Bustadfeltet Urbakkfoten med tilhøyrande infrastruktur

· Opparbeiding av Rotset næringsområde

· Rehabilitering/tilbygg Volda ungdomsskule

· Ny sentrumsbarnehage

· Omsorgsbustader

· Idrettshall (investeringstilskot til Volda Campus Arena)

· Svømmehall

· Kino og kultursal.