Vil ha tilbake sola i Barstadvik

Ber om at ein stor granskog vert fjerna.

Gran: Høge grantre skuggar for sola i byggefeltet Bergane i Barstadvik. Oppsitjarane i området fortel at dei har sol mindre enn seks månader av året, på grunn av skogen. Illustrasjonsfoto  Foto: Janne-Marit M. Falch

Nyheiter

Oppsitjarar i Bergane byggefelt i Barstadvik bed kommunen om at eit stort granfelt som skuggar for sola til byggefeltet, vert fjerna.

– Det er mykje prat og lite handling. Gjennom åra har folk i feltet med jamne mellomrom kontakta grunneigar, kommunen og skogsjefar, men ingenting skjer. Vi veit at skogen vart planta først, og vi veit at hogsttid for siktagran er mellom 40 - 60 år.

- Vi veit også at Ørsta kommune etablerte dette feltet, vel vitande om at skogen veks og tek vekk sola frå folka som bur her. Våren vert kortare, sommaren vert kortare for kvart år som går. Ingen av oss ønskjer å bu i feltet i mørket utan sol. For å seie det enkelt: Vi vil ha vekk skogen (jungelen) no, ikkje om 30 år, og vi vil ha handling, ikkje meir prat.

- Vil vil rett og slett ha mykje meir sol, enn under seks månader, slik det er i dag, skriv oppsitjarane.