– Vi er vonbrotne over at regjeringaheller ikkje denne gongen har prioritert Vinje-senteret for diktingog journalistikk i statsbudsjettet, seier styreleiar Lodve Solholmi Nynorsk kultursentrum.

– Arbeidet er godt i gang, dagleg leiar ertilsett, og vi har vist før at vi leverer. Stortinget satsa påVinje-senteret i fjor, og når regjeringa ikkje følgjer opp, set vipå ny vår lit til stortingsfleirtalet, seier Solholm mi ei pressemelding frå Nynorsk kultursentrum.

Nynorskkultursentrum får nær 20,1 millionar kroner i driftsmidlar iframlegget til statsbudsjett for 2018. Dette er 430 000 kronereller 2,2 prosent meir enn i år. Regjeringa fører vidare løyvingatil Vinje-senteret frå 2017 utan auke, men løyver ingen ting tilbyggeprosjektet. Utanom lønns- og prisveksten søkte Nynorskkultursentrum om 1,6 millionar til basisutstilling og 1 millionmeir i driftsmidlar til vidare oppbygging av Vinje-senteret. Tilombygging og tilbygg søkte Vinje kommune om vel 8 millionar.

Distriktspolitikk i praksis

Nynorsk kultursentrum med hovudsete iØrsta og 20 fast tilsette har no avdelingar i Ørsta, Ulvik og Vinjeog oppslagsverket Allkunne og driv frå 2018 dei tre festivalane Deinynorske festspela, Ulvik poesifestival og Litteraturdagane iVinje.

– Berre sidan 2010 har vi etablert tre nye avdelingar iBygde-Noreg med ti medarbeidarar og endå fleire innbyggarar i deiaktuelle kommunane, og i Aasen-tunet arbeider fleire enn alleplanar la opp på førehand, seier direktør Ottar Grepstad.

– Detteer distriktspolitikk i praksis, vi veit at vi driv billig, og sværtmange bruker oss. Femte statsbudsjettet på rad utan nynorsksatsingRegjeringa føreslår å løyve 6 millionar til oppdatering avNynorskordboka og Bokmålsordboka, men ingen ting til vidareutvikling og digitalisering av Norsk Ordbok. Etter initiativ fråVenstre nådde prioriterte tiltak frå eit samla nynorskmiljø opp idet statsbudsjettet Stortinget vedtok for 2017.

– Både regjeringaog stortingsgruppene er godt kjende med prioriteringane frånynorskmiljøet i år. Eg vonar Stortinget ryddar opp i den årvisserunden om løyving til Landssamanslutninga av nynorskkommunar førdet blir ein farse, meiner direktøren i Nynorsk kultursentrum.

Haner kritisk til den språkpolitikken som kjem til uttrykk istatsbudsjettet.

– Dette er det femte statsbudsjettet regjeringaSolberg legg fram, og for femte gong ser regjeringa bort fråinteressene til nynorskbrukarane.

– Det kostar så lite og gir såmykje å lage eit statsbudsjett som fremjar språkleg jamstilling,seier Grepstad.