Løyver til skredsikring i Ørsta

Regjeringa foreslår at Ørsta vert prioritert for skredsikring i 2018.

Skredsikring: Vallabøen er eitt av områda som er aktuelt for skredsikring. 

Nyheiter

Regjeringa foreslår midlar til skredsikring i Ørsta i statsbudsjettet.

Regjeringa prioriterer tiltak for skredsikring i Ørsta i 2018. Det går fram av forslaget til statsbudsjett, som vart lagt fram torsdag.

Regjeringa foreslår å løyve i alt 254 millionar kroner til førebygging av flaum- og skredskadar, der om lag 203 millionar kroner vert løyvd til å gjennomføre kartleggings- og sikringstiltak.


Statsbudsjettet

Nye ferjekaier

Pengar til utbetring av ferjekaiene på Festøya og i Volda er mellom løyvingane i samferdslebudsjettet

 

Ei førebels oversikt syner at sikringstiltak i Møre og Romsdal vert prioritert i 2018, og av dei sikring av Gjerdeelva i Hareid kommune og skredsikring i Ørsta kommune, heiter det frå regjeringa.

NVE vil dessutan halde fram med utgreiinga om kor vidt drenering av Åknesremna i Stranda kommune kan vere eit eigna tiltak.


Nynorsk kultursentrum er vonbrotne

Meiner nynorsk vert nedprioritert.