Skulesaka:

Bestilte grundig utgreiing

Vikemarka, Velle, Hovden og Dalane. Kven skal inn og kven skal ut?

Gunnar Knutsen (V), Jostein O. Mo (Ap), Odd Magne Vinjevoll (Frp), Ola Perry Saure (Sp) og Eli Birkeland (KrF).  Foto: Janne-Marit Myklebust

Nyheiter

Elevar frå Dalane skal ikkje med i utgreiing om ny sentrumsskule. Hovden-elevane vert vurdert.

Dei som venta seg heftig skuledebatt i kommunestyret torsdag, venta forgjeves. Politikarane var langt på veg samde om korleis dei ønskjer å gå fram før dei skal konkludere i skulesaka.


Fleirtal for å vurdere ny skule

Det er stemning for å få bygt ein ny storskule for 5.–7. klassetrinn heile sentrumskrinsen i Ørsta. Berre Frp er klart i mot.

 

SP ved Ola Perry Saure la fram ei forslag som han ønskte skulle vere eit fellesframlegg. Like etter tok Odd Magne Vinjevoll (Frp) ordet, med eit nesten likelydande forslag. Etter gruppemøte kom dei til semje om eit fellesframlegg frå alle partia, som vart samrøystes vedteke:

Kommunestyret vedtok å sette av 500.000 kroner til eit forprosjekt for utgreiing av skulesituasjonen i sentrum krins. Utgreiinga skal vurdere felles skulebygg for mellomtrinnet (5.-7. trinn) ved sentrumsskulane (Velle, Vikemarka og Hovden) og  samstundes oppretthalde småskuletrinnet (1.-4. trinn) ved dei same skulane.

Det skal samstundes utgreiast å oppretthalde dagens struktur (1.-7. trinn) ved Hovden, Vikemarka og Velle. Då må det også bli vurdert om det vert naudsynt å bygge ein ny 1.-7. skule, og kvar han eventuelt skal ligge. Uansett må der skje endringar så lenge Vikemarka skule har fått byggeforbod grunna rasfare, og ikkje har stor nok skule til å huse alle elevane.


– Kan føre til at vi må flytte elevar til andre lokale

– Det er heilt klart at om vi skulle ha bygd denne skulen i dag, så hadde han ikkje vorte plassert i det området i det heile tatt.



Vil bygge ny skule for dei eldste elevane ved Vikemarka, Velle, Hovden og Dalane

– Å klatte på skulebygga vi har i dag er ikkje framtidsretta

– I min villaste fantasi tenkte eg at vi kunne ha eit nytt skulebygg klart til hausten 2019, men etter litt realitetsorientering seier eg no hausten eller vinteren 2020.

 

Forprosjekt og utgreiingar skal innehalde medverknad frå alle berørte/involverte partar. Utgreiinga skal ta høgde for framtidig elevtalsutvikling sett i lys av folketalsauke og nye planlagde bustadområde. Vurderingar som gjeld pedagogisk læring, miljøretta helsevern, avvik, byggetilhøve og økonomi skal leggast til grunn.

Dalane skule

- Ny Dalane skule, for klassetrinn1.-7. skal byggjast på Legene når områdeplanen er ferdig utarbeidd, og kommunestyret prioriterer bygging i økonomiplan og budsjett, står det i vedtaket.

Politikarane ønskjer altså ikkje å ha med i vurderinga å inkludere dei eldste elevane frå Dalane inn i den nye skulen.

Saka skal også ha med ei utgreiing om økonomisk konsekvens for å behalde 1.-7. trinn i Hovdebygda (Hovden).