Ny kjøkkensjef på Volda omsorgssenter

Lisbeth Skinnes har starta i jobben som ny kjøkkensjef på Volda omsorgssenter. Kjøkkensjef Jarle Nes går av med pensjon.  Foto: Volda kommune

Nyheiter

Lisbeth Skinnes har starta i jobben som ny kjøkkensjef på Volda omsorgssenter, skriv Volda kommune på sine heimesider.

Lisbeth er utdanna kokk og har siste åra jobba som teamleiar ved kjøkkenet på Sandetun omsorgssenter i Sande kommune.

- Vi ynskjer henne velkomen til Volda kommune, helsar kommunen.

Kjøkkensjef Jarle Nes sluttar i stillinga si neste veke, og vert pensjonist.