Fortau eller parkeringsplass?

Kvar byrjar parkeringsplassen, og kvar er fortauet? Det er spørsmålet i Vikegata.

  Foto: Svein Aam

Nyheiter

Ein av Møre-Nytt sine lesarar peikar på at parkeringa i byrjinga av Vikegata skjer på ein slik måte av det hindrar framkomst på fortauet. Møre-Nytt har tatt opp saka med lensmannen.

–Fortauet er ikkje klart markert, og regulering bør strammast opp, seier lensmann Guttorm Hagen.

Problemet ser ut til å vere at fortauet har blitt parkeringsplass.

–Det  bør vere eit fysisk skille mellom parkeringsareal og fortau, eller ei oppmerking som synleggjer kva som er parkeringsareal. Kommunen og interessentar i området bør saman finne ei løysing, meiner lensmannen.