Kongen heidrar Prots

Kor-legenda vert heidra med orden.

Dirigent Per Oddvar «Prots» Hildre har vore med sidan oppstarten av SKRUK i 1973, og framleis er motivasjonen like sterk.  Foto: Arkiv

Nyheiter

Hans Majestet Kongen har utnemnd Per Oddvar Hildre til Kommandør av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden.

Det melder Slottet sjølv i ei melding på eiga heimeside tysdag ettermiddag.

Per Oddvar Hildre (Prots) tek i mot utmerkinga grunnna hans framifrå innsats for kor og kultur, heiter det.

Dekorasjonen vert overrekt ved eit arrangement ved Borgund Folkehøgskule i Ålesund laurdag 21. oktober.