Skjerp dykk!

Ny kinosal rota til

– Dette må det bli slutt på!, seier ordføraren og varaordføraren, etter rot i den nye kinosalen.

Oppgitt: Terje Koppen frå kinoen, varaordførar Karen Høydal og ordførar Stein Aam bed folk om å skjerpe seg og rydde etter seg i kinosalen.  Foto: svein aam

Nyheiter

Det var stor stas førre helg då den nyoppussa kinosalen i Ørsta vart tatt i bruk. Men då varaordførar Karen Høydal var innom kinosalen måndag fekk ho hakeslepp.

– Stolar er grisa til, og på golvet er masse rot. Dette er kjempeskuffande, seier Karen Høydal.

Ho og ordførar Stein Aam meiner dei som bruker kinosalen må skjerpe seg.

– Vi har renovert kinosalen og kulturhuset for sju millionar kroner. Og no må vi kanskje bruke meir offentlege midlar på å reinse stolar og rydde. Det må bli slutt på slikt rot, seier ordføraren og varaordføraren.

– Er det dei unge som rotar?

– Vi vil ikkje henge ut noka gruppe. Alle må ta ansvar, og det verkar som alle rotar. Det er popkorn, kliss og snus.

Terje Koppen, som har ansvaret for kinodrifta, seier rotet er eit stort problem.

– Mykje skjer i mørket så det er vanskeleg å passe på. Men når vi ser folk rotar, spør vi om dei gjer slikt heime. Ryddinga er både tidkrevjande og kostbar, seier Koppen.