Krasj på parkeringsplass

Fem ungdomar hamna på sjukehus etter dette krasjet på ein parkeringsplass på Mosflatene.
Nyheiter

Uhellet skjedde på ein av parkeringsplassane på industriområdet Mosflata seint natt til søndag. Ein bil med fem tenåringar køyrde inn i ein betongkloss. Alle ungdomane vart køyrt til sjukehus, og ifølgje politiet var det moglege brotskader for nokre av dei involverte. Både poltiet og brannvesenet rykkte ut til ulykkestaden. Bilføraren var rusa og hadde ikkje gyldig førarkort. Politiet opplyser at det blir oppretta sak.