Vann filmpris for paddefilmen

Filmen om kampen for paddene i Austefjorden vann to prisar under ein internasjonal filmfestival.

Frå premieren på paddefilmen. Regissør Are Pilskog flankert av padde-entusiastane Gunnar Wangen og Oddvar Olsen  Foto: Arkivfoto

Nyheiter

«Kunsten å leggje seg paddeflat» er laga av Are Pilskog, og handlar om kampen for å byggje paddetunnel under Kvivsvegen. I helga vann filmen to prisar på Motsalu naturfilmfestival i Estland – både prisen for beste regi og sjølve hovudprisen.

–Det var tøff konkurranse med store og dyre naturfilmproduksjonar.Så det var veldig stas å vinne seier regissør Are Pilskog.

Juryen uttalar at dette er «ein flott film som sit i oss att lenge etter at ein har forlate filmsalen, og som får ein til å tenkje på vår plass i verda.»

 Filmen skal no visast på TV i Estland. Elles har paddefilmen vore vist på filmfestivalar i USA og Tyskland.